Veganeset Camping
post@veganesetcamping.no 57691612 / 91128133

Oppleving

www.visitbalestrand.com

Emaljeverkstaden på Dragsvik

Emaljeverkstaden

Skrovlevegen 27

På Lunde, nær Dragsvik, 9 km frå Balestrand ligg Emaljeverkstaden til Rolf og Solveig Haukaas.  
Her lagar dei anheng, bilder, brosjer, fat, mansjettknappar, skåler med meir.
Alt dei lagar er i koppar og emalje.
Ope kvar dag frå 10 - 17, stengt laurdag og søndag. Ope etter nærare avtale.
Gratis adgang.

http://enamel.no/

Arboretet på Lunde

Arboretet på Lunde

I arboretet på Lunde finn ein i dag rundt 130 ulike artar av tre og busker frå heile verda. Fire ulike tre er målt til å vere dei største i verda på denne breiddegraden. Grunnen er Golfstraumen som fører med seg mild og fuktig havluft. Trea vart planta av sokneprest Sverdrup i 1850-åra. Lunde er prestegarden i Balestrand prestegjeld. Sverdrup var mykje interessert i hagebruk. Han bygde opp ein mønsterhage. Gjennom åra har det og vorte planta mange utanlandske tresortar på Lunde. I dag er den gamle prestehagen arboret.

Arboretet på Lunde

Tursti til Tjuatoten

Tjuatoten er ein topp over Dragsvik og Balestrand. Det er ein tung tur som går oppover fjellsidene over Dragsvik. På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger.

Du kan òg ta ein kortare og lettare tur opp til mastene.